Kurs- og aktivitetssenter i Rauland med overnatting

Raulandsakademiet

Turdetaljar

Her er det rimeleg overnatting i enkle, moderne rom heile året. Kurs i tradisjonelle og nyare handverksteknikkar blir tilbydd sommar og haust. Marknadsdag, konsertar, familiemiddag med meir står på programmet – Vel møtt!

Raulandsakademiet har 49 rom fordelt på enkeltrom, 2- og 4-sengs rom.

Raulandsakademiet er kurssenter, hotell og bygdemuseum. Kurskatalogen vår har 60 ulike kurs innan handverk. Me er medlem av Norske Vandrerhjem og kan tilby rimeleg overnatting gjennom heile året. Me får ofte besøk av familiar, skigrupper, skulekorps og mange andre. Telemarkstunet er ein stad der du kan få deg mat, handle, slappe av og kose deg. Her kan du også finne handverksutsal, bakeri og kafé om sommaren, i adventstida, i påska og laurdagen etter Dyrsku’n. Resten av året er det mogleg å leige Gardsjordstoga eller Årestoga for grupper.

Fasilitetar

Møterom, peisestoge, sauna

Wifi inkludert

Dyrevenleg

Kontakt oss

post@raulandsakademiet.no

+47 350 73 292

Raulandsakademiet, 3864 Rauland

Utrulege ting du ikkje visste om Rauland

Store delar av raulandsområdet ligg på Hardangervidda, og her finn du også Hardangervidda Nasjonalpark som er større enn Rocky Mountains! Tettstaden Rauland og småbyen Rjukan ligg i nærleiken og er flotte destinasjonar for ein familietur eller ferie med mange attraksjonar og aktivitetar.