Nasjonalt senter for dikting og journalistikk​

Vinjesenteret

Turdetaljar

Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i journalisten og diktaren Aasmund Olavsson Vinje og diktarane Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas. På senteret kan du bli kjend med dei fire store diktarane, lesa utdrag frå bøker og journalistikk, sjå bilete, sitat og flotte digitale installasjonar. Du kan òg spela spel om kjeldekritikk, leika i barneløypa og finna deg til rette i lesekarnappet med ei god bok.

Dikting
Innafor diktinga legg dette senteret vekt på dei skjønnlitterære forteljingane, som kjem i mange former og frå mange stader. Dei dikta forteljingane kan forføra, forundra, forandra og forklara. Vinjesenteret viser fram noveller, romanar og andre forteljingar.

Journalistikk
Utstillingen tek utgangspunkt i den skrivne journalistikken i aviser og på nett. Vinjesenteret er det første senteret som fortel om journalistikk allment, og tek for seg mellom anna fire pålar i norsk journalistikk.

Kaffiservering
Om du er i området, ta gjerne turen innom for ein kopp kaffi og ein hyggjeleg prat. Det er enkel kaffiservering i museumsbutikken. Besøk heimeside

Utrulege ting du ikkje visste om Rauland

Store delar av raulandsområdet ligg på Hardangervidda, og her finn du også Hardangervidda Nasjonalpark som er større enn Rocky Mountains! Tettstaden Rauland og småbyen Rjukan ligg i nærleiken og er flotte destinasjonar for ein familietur eller ferie med mange attraksjonar og aktivitetar.