Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i
form av skulpturar, teikningar og grafikk. Muséet syner og ein kopi av atelieret hans i
Rauland. I tillegg er det kvart år nye sær- og salsutstillingar.
Knut Skinnarland (1909-1993)
Knut Skinnarland var av dei fremste norske bilethoggarane i sin generasjon. Han vart fødd på Rauland, og var bl.a. på husflidsskule på Dovre i 1933-35. Seinare gjekk han på kunst- og handverksskule og kunstakademi i Oslo og København. Knut Skinnarland debutera på Haustutstillinga i 1945. Frå 1948 var han knytt til restaureringsarbeidet av Nidarosdomen og utførte om lag 30 arbeid der Abraham og Isak på Vestfronten kanskje er det mest kjende. Av arbeid elles kan ein nemne fiskarmonumentet i Ålesund og i Akureyri på Island, monumentet over A.O. Vinje og over Sondre Nordheim. Knut Skinnarland var lærar ved Akademiet på Rauland 1978-80, og fekk Telemark fylke sin kulturpris i 1979.
Særutstilling
Kvart år er det ein særutstilling ved Skinnarlandsamlinga, med verk av aktuelle
kunstnarar som også er til sals. Tilskipar er muséets nærstyre og vener av Skinnarlandsamlinga.
Museet er ope i sommarsesongen.
Ta kontakt med oss for gruppeomvising utanom sesong.