Raulands strandperle​

Fagersand

Turdetaljar

Ingenting er betre enn late dagar på ei strand med skyfri himmel! Etter eit besøk her er det ingen tvil om kvifor stranda har fått dette fine namnet. Fagersand er det nye aktivitetstilbodet vårt. I samarbeid med velvillige grunneigarar, Rauland Hyttevelforening og næringslivet i Rauland har Rauland Turist sett i gang eit nytt og omfattande prosjekt. Me har lagt til rette for at alle kan bruka den fantastiske stranda Fagersand ved Lognvikvatnet. Området er på over 50 dekar, så her er det plass til alle. Sjølv om området har vore her i tusenvis av år, er det fint med ei lita oppgradering!

Turbeskrivelse​
Køyr ned på Austbø Hotell og følg skilting. Då kjem du til ein ny og utbygd parkeringsplass. Her parkerar du og går nokre hundre meter til du kjem til den fine sandstranda.

Utrulege ting du ikkje visste om Rauland

Store delar av raulandsområdet ligg på Hardangervidda, og her finn du også Hardangervidda Nasjonalpark som er større enn Rocky Mountains! Tettstaden Rauland og småbyen Rjukan ligg i nærleiken og er flotte destinasjonar for ein familietur eller ferie med mange attraksjonar og aktivitetar.