Følg Sherpastien​

Falkeriset

Turdetaljar

Falkeriset er eit lågt høgdedrag vest for Møsvatn, og har fått namnet sitt etter falkefangsten, som var ei næring her fram til 1800-talet.

Nederlandske falkonerar
Nederlandske falkonerar budde i steinbuer under Falkenuten, og jakta på verdas største falk -jaktfalken. Falkane blei selde til fyrstar og kongar i Europa, der fuglane blei lærde opp til å fanga til dømes fasan.

Restar etter steinbuer
I dag kan du sjå restar etter steinbuer under Falkenuten, og nordvest for toppen finn du fangsttufta. Jaktfalk, dvergfalk og tårnfalk hekkar framleis i fjellområda rundt Falkenuten.

Turbeskrivelse​
Turen startar på steintrappa ved parkeringsplassen ved Kromvikvegen. Steintrappa gjer stien lett å følgja. Det er jamn, lett stigning heile vegen gjennom fjellbjørkeskogen og opp til utsiktspunktet på snaufjellet. Om du ikkje går på utsida av stien, men følgjer steintrappa, sparer du naturen for slitasje, og hindrar at nye, gjørmete stiar vert til.

Familievenleg tur
Familievenleg tur i vakker høgfjellsnatur med panoramautsikt mot Hardangervidda, Gaustatoppen og Møsstrond. Delar av turen går du på fuktige myrer, så hugs vasstette sko.

Korleis komma seg hit​
Frå Rauland sentrum køyrer du 4 km langs Fv.362 mot Haukeligrend. Tak av mot Kromviki, og etter 10,5 km kjem du til ein liten parkeringsplass på høgre side. Stien opp til Falkenuten startar ved infotavla på venstre side av vegen. Frå parkeringsplassen er det lett stigning oppover til Falkenuten. Fleire stiar går parallelt oppover mot toppen. Der kan du nyta nista di med vidt utsyn i alle himmelretningar. Frå Falkenuten kan du gå vidare innover i fjellet på ein umerka sti, eller gå same stien attende og nyte synet av Gaustatoppen. Turen er 3 km lang tur-retur, og tek ein time. Stien går i lett turterreng og er middels krevjande.

Utrulege ting du ikkje visste om Rauland

Store delar av raulandsområdet ligg på Hardangervidda, og her finn du også Hardangervidda Nasjonalpark som er større enn Rocky Mountains! Tettstaden Rauland og småbyen Rjukan ligg i nærleiken og er flotte destinasjonar for ein familietur eller ferie med mange attraksjonar og aktivitetar.

Utrulege ting du ikkje visste om Rauland

Store delar av raulandsområdet ligg på Hardangervidda, og her finn du også Hardangervidda Nasjonalpark som er større enn Rocky Mountains! Tettstaden Rauland og småbyen Rjukan ligg i nærleiken og er flotte destinasjonar for ein familietur eller ferie med mange attraksjonar og aktivitetar.