Kulturattraksjonar I Rauland

Hardangervidda Nasjonalparksenter

Turdetaljar

Internasjonal prislønte interaktiv natur- og villreinutstilling, med bla German Design Winner-award på 10 språk (norsk, engelsk, tysk, fransk, spansk, nederlandsk, russisk, ukrainsk, polsk og mandarin) Senteret har òg ei utandørsutstilling.

Følg vandringane til reinen i forhistorisk tid, og sjå unike reiskapar laga av villreinbein. Desse vart laga for meir enn 17000 år sidan i det sørlege Frankrike. Sjå bilete og videosnuttar teke av reinsdyret Bella frå vandringane hennar på Hardangervidda i 2012. Kafé Panorama – Hardangervidda Nasjonalparksenter har òg kafe med Noregs mest spektakulære panoramautsikt mot vakker natur. Serverar tradisjonell norsk mat. Senteret er eit statleg autorisert nasjonalparksenter for Hardangervidda nasjonalpark og er samlokalisert med Norsk Villreinsenter Sør som ein òg samarbeider med. Utandørsutstilling – last ned naturapp som følgjer ein 2,5 km natursti, tekst og audio er tilgjengeleg på 10 språk. Lær om økologi, plantar, insekt og dyreliv. Svært familievennleg. Det finst 10 sittebenkar langs stien.

Utstillinga omfattar 6 avdelingar:
1. Eit første møte – ein sanseavdeling der opplevinga av villreinen er det sentrale.
2. Ei fagleg avdeling der biologien og økologien til villreinen vil bli presentert. Her finn me òg ut kvar i verda det finst villrein og informasjon om dei ulike villreinområda i Noreg.
3. Ei historisk avdeling om villreinens opphav, vandringar, mennesket og reinen.
4. Ei avdeling som omfattar forvaltning og forsking knytt til villreinen på Vidda.
5. Ein rød-lampe avdeling som tek for seg ulike utfordringar og truslar mot dagens villrein, bortfall av areal, forstyrringar, aukande trafikk osb.
6. Ei ettertankeavdeling der publikum sjølv kan vera med å reflektera over ulike scenarium knytt til villreinen og Hardangervidda.

Intranett-bibliotek og naturlaboratorium
I tillegg til utstillinga tilbyr Hardangervidda Nasjonalparksenter eit intranett-bibliotek om Hardangervidda nasjonalpark. Her kan du få informasjon om alle plantar, insekt, fuglar og dyr som finst i nasjonalparken. Senteret har òg eit naturlaboratorium for studentar og skuleklassar.

Kinosal
I kinosalen blir vist ulike filmar: «Hardangervidda nasjonalpark» ”I pakt med naturen” – ein portrettfilm av friluftsmannen, jegeren og krigshelten, oberst Jens Anton Paulsen. ”Fjellfolket” – ein dokumentarfilm om livet før og no i fjellbygdene i randsona av Vidda

Slik kjem du deg hit: Følg RV 37 frå Rjukan i retning Rauland. Etter ca 25 km kjem du til Skinnarbu. Følg skilt mot Hardangervidda Nasjonalparksenter og Skinnarbu Høyfjellshotell.

Kontakt

Telefon: +47 970 74 30

E-post: stale@hardangervidda.com

Utrulege ting du ikkje visste om Rauland

Store delar av raulandsområdet ligg på Hardangervidda, og her finn du også Hardangervidda Nasjonalpark som er større enn Rocky Mountains! Tettstaden Rauland og småbyen Rjukan ligg i nærleiken og er flotte destinasjonar for ein familietur eller ferie med mange attraksjonar og aktivitetar.

Utrulege ting du ikkje visste om Rauland

Store delar av raulandsområdet ligg på Hardangervidda, og her finn du også Hardangervidda Nasjonalpark som er større enn Rocky Mountains! Tettstaden Rauland og småbyen Rjukan ligg i nærleiken og er flotte destinasjonar for ein familietur eller ferie med mange attraksjonar og aktivitetar.