Rauland kan tilby eit fantastisk skiterreng

Langrenn på Rauland

Turdetaljar

Rauland kan tilby eit fantastisk skiterreng med totalt 150 kilometer preparerte løyper gjennom heile vintersesongen. Her blir du belønna med storslått utsikt i eit svært variert landskap med løyper så langt auget kan sjå. Løypenettet består av: 150 km godt preparerte langrennsløyper i variert terreng 60 km preparert med skøytetrasé og eitt klassisk spor 90 km preparert med to doble klassiske spor.

Slik kjem du deg hit​: Følg RV 37 frå Rjukan eller Rauland og parkér langs vegen (eigne plassar) eller ved Vierli Kafeteria. Her kan du gå innover i Silkedalen eller finne løyper mot Farhovd eller Raulandsfjell. Du kan og parkera ved Rauland Skisenter og gå innover mot Kroktjønn eller Ådalen, eller ta turen inn i løypenettet frå Holtardalen, sentrum av Rauland (Krossen) eller nærmare Kromviki/Raulandsfjell. 70 km høgfjellsløyper 80 kilometer skogsløyper 6 km (tur/retur) flombelyst langrennsarena med kunstsnø (lys på til kl. 22.00) 8 km ljosløype i sentrum. Du kan følgja status på løypenettet både på Skisporet.no og ved å følgja vår Facebookside Rauland løypeinfo med daglege oppdateringar frå løypemannskapa.

Utrulege ting du ikkje visste om Rauland

Store delar av raulandsområdet ligg på Hardangervidda, og her finn du også Hardangervidda Nasjonalpark som er større enn Rocky Mountains! Tettstaden Rauland og småbyen Rjukan ligg i nærleiken og er flotte destinasjonar for ein familietur eller ferie med mange attraksjonar og aktivitetar.