Kulturattraksjonar i Rauland

Myllargutvegen

Turdetaljar

Han kom som liten gut til garden Kjos i Åmotsdal som hjuring. Av Jon Kjos lærde han mykje om felespel og når bygdfolket møttest på Dansarsteinen var den unge Myllarguten spelemann.

Myllarguten
Torgeir Augundsson (døpt 1. november 1801 i Sauherad, død 21. november 1872 i Rauland), bedre kjent som «Myllarguten», var ein legendarisk spelemann fra Sauherad i Telemark. Lokal uttale av navnet er «Tarjei»

Konsertar med Ole Bull
Augundsson vart gift med Ingebær Rikardsdotter Haugen frå Edland og budde då på ein stad som heitte Rispehaugen. Han kjøpte Øygarden for pengar han tente på konsertane han hadde saman med Ole Bull. Etter ei tid måtte han gå frå denne garden og flutte så til husmannsplassen Kosi i Arabygdi der han døydde. Det er det me no kallar Myllarheimen. Dei er båe gravlagde ved Rauland kyrkje. Myllargutvegen er vakker for dei som kjem med bil, men kanskje spesielt for dei på sykkel!

Slik kjem du deg hit
Myllargutvegen tek av frå E134 ved Nutheim i Flatdal og fylgjer fylkesveg 3422 fram til Straume bru, Øyfjell, der ein kjem inn på fylkesveg 3410 fram til ein møter fv 37 i Austbø og fylgjer den til Krossen på Rauland. Derifrå gjeng Myllargutvegen etter fv. 362 gjennom Rauland, langs Totak til Arabygdi og Edland der du kjem inn på E134 i Haukeligrend.

Meir informasjon

Telefon: 916 63 922

E-post: ragnv-c@online.no

Utrulege ting du ikkje visste om Rauland

Store delar av raulandsområdet ligg på Hardangervidda, og her finn du også Hardangervidda Nasjonalpark som er større enn Rocky Mountains! Tettstaden Rauland og småbyen Rjukan ligg i nærleiken og er flotte destinasjonar for ein familietur eller ferie med mange attraksjonar og aktivitetar.