Se og la deg fascinere av skulpturen Vidsyn på Vierlitoppen.
4 km rundtur – middels vanskeleg
Skulpturen, som er laga av kunstnaren Hilde Mæhlum, er meint å vera til glede og forundring for fastbuande og farande folk. Den polerte framsida av skulpturen er nemleg omvendt! Nasen går innover! Frå vårt fyrste år har hjernen lært seg at nasen på folk går utover og at augo ligg innafor. Men går du ein stubb unna, slappar av og myser med augo, så tek hjernen over og rettar opp det range. Nasen kjem utover og hjernen din har laga den fornuftige versjonen av skulpturen – inni deg! Og kanskje endå rarare: går du sakte forbi og ser på skulpturen heile tida, så fylgjer han deg med augo. Står du austanfor skulpturen ser han austover, står du vestanfor ser han vestover! Han heiter såleis «Vidsyn» med rette.
Turbeskrivelse
Turen startar ved Vierli Kaféteria ved undergangen under fylkesvegen. Følg merka tursti til toppen av Vierlinuten (1100 m.o.h.). Her finn du skulpturen Vidsyn. Følg stien vidare over åskammen mot Oksatjønn. Løypa er delvis opparbeida med grus og går over i tørr sti. Det er nokre myrområder undervegs med klopper. Stien er godt merka og kan forlengast med å gå rundløypa Silkedalen (4 km).
Korleis komma seg hit
Frå Rauland sentrum køyrer du i retning Rjukan til du kjem på toppen nokre minutt forbi Rauland Høgfjellshotell. Sjå etter Vierli Kafeteria på venstre side og finn parkeringsplassen.